Bengt Fasteraune () er ein norsk militær offiser og politikar frå Rygge i Østfold. Han har sidan 2018 representert Oppland og Senterpartiet på Stortinget.

Fasteraune var oberstløytnant ved Heimevernets skole og kompetansesenter på Dombås inntil 2007. Etter eit par periodar i kommunestyret i Dovre kommune, var han ordførar i kommunen frå 2007 til 2018. I oktober 2018 rykte han inn på Stortinget som vararepresentant for avdøde Ivar Odnes. Han vart attvald i 2021. På Tinget er han medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Dovre Kategori:Sp-ordførarar i Oppland Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Rygge Kategori:Folk frå Dovre