mini|Strømstolpe i Iran. mini|Elektrikar med stolpesko i ein strømstolpe. Stolpe er ein loddrett stokk som er sett fest i bakken og som ein kan bruka til å halda oppe utstyr som lys og leidningar. Stolpar kan ha namn etter bruksområdet sitt, som strømstolpe, kraftstolpe, lysstolpe eller kraftleidningstolpe. Stolpar med telefonlediningar blir kalla telefonstolpar, medan telegrafstolper fanst då ein sendte telegrafi via luftlinje.

Stolpar er vanlegvis av tømmer. Kreosot, som blei brukt til impregnering av stolpar, blei forbode i EU i 2001.Direktiv 2001/90/EC

Bruken av stolpar er redusert fordi elektriske kablar i større grad blir gravne ned, og fordi fasttelefon ofte er erstatta av mobiltelefon.Geirr har 25 ubrukte telefonstolpar på eigedommen – Telenor kan ikkje love når dei blir fjerna. NRK. Besøkt 16. januar 2021.Her vant huseierne over Hafslund. klikk.no. Besøkt 16. januar 2021.

Hakkespettar kan hakka hol i stolpar. Ei undersøking frå 1995 viste at norske elektrisitetsverk måtte erstatta hakkespettskadar for 2,9 millionar kroner per år.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stolpe (infrastruktur)» frå , den 25. juni 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Infrastruktur Kategori:Ting av tre