Lansenebb er ei biologisk slekt Doryfera av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde langs austsida av Andesfjella, i Costa Rica, Panama, og Tepui-området. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».
Namnet Doryfera er frå gresk: Dory «spyd», fera «bere».
Saman med slektene Schistes og Colibri dannar Doryfera ei klår monofyletisk gruppe.
Skildring Eit uvanleg langt og tynnt, rettpeikande eller svakt oppbøygd nebb er det mest slåande trekket ved utsjånaden for lansenebb. Dei har ein tendens til å halde nebbet oppreist. Fjørdrakta er gjennomgåande mørk, halen er relativt kort og avrunda. Dei lever i skråninga av fjellkjeder og i lågare subtropisk skog, gjerne nær rennande vatn. Kroppsstorleikar ligg mellom 9 og 13 centimeter inkludert 25-34 mm langt nebb. Grønpannelansenebb er marginalt større enn blåpannelansenebb. Begge artane har dels overlappande leveområde langs Andes der begge kan treffast i same habitat. I Ecuador finst grønpannelansenebb i høgste høgder og kan treffast lengre vest enn blåpannelansenebb.
Reiret til desse artane er hengt opp inne i grotter, eller under fjelloverheng, festa til røter eller liknande. Grønpannelansenebb kan konstruere reiret under bruer eller tak der dei finn feste i til dømes hengande kablar. Som hos andre kolibriartar er det hoa aleine som gjer byggearbeidet, rugar og syter for ungane.
IUCN har kategorisert begge artar som livskraftige artar (LC).
Artslista Lansenebb i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. Grønpannelansenebb, Doryfera ludovicae, Green-fronted lancebill, (Bourcier & Mulsant, 1847), (LC) Lever hovudsakleg i høgder frå 1000 til 2500 moh. med variasjonar både under og over i delar av utbreiingsområdet som er Costa Rica og Panama, samt frå vestlegaste Venezuela, nær samanhengande langs Andesfjella til nordvestre Bolivia.
Blåpannelansenebb, Doryfera johannae, Blue-fronted lancebill, (Bourcier, 1847), (LC) Ein underart i Tepui-området i sørlege Venezuela og litt inn i Brasil og Guiana, (280-2000 moh.) nominatforma lever langs austsida av austlege Andesfjella frå sentrale Colombia sørover til Madre de Dios-regionen i Peru (400-1600 moh.)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:kolibrifamilien kategori:fugleslekter