Steppenwolf er debutalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf, gjeve ut i januar 1968 på ABC Dunhill Records.
Albumet vart ein suksessfull debut for bandet, med låtane «Born to Be Wild» og «The Pusher», som begge vart brukte i filmen Easy Rider frå 1969. «Berry Rides Again» er ei hyllest til gitaristen Chuck Berry. Stavemåten på spor nr. 4 på vinylen er «Hootchie Kootchie Man». I albumkrediteringane står det at albumet vart spelt inn i American Recording Company i Studio City i California, men det eigentlege namnet på studioet var American Recorders.
Bakgrunnsfargen på det originale ABC LP-omslaget var ein sølvfarga «folie», i motsetning til seinare (MCA Records) LP-utgivingar og det moderne CD-omslaget der han er erstatta av off white. Det er det einaste albumet frå bandet som er gitt ut i både stereo og mono. Sjølv om det meste av sistnemnde berre er ei «nedfelling» av stereomiksen, er den ettertrakta som samlarobjekt.
Tidlege utgåver av «sølvfoliebakgrunn»-versjonen krediterer «Mars Bonfire» for å ha skrive «Born to be Wild» på både LP-etiketten og baksida av LP-coveret.
Etter suksessen med «Born to Be Wild» hadde seinare utgivingar ein svart boks på coveret med teksten: «Including The Hit: Born to Be Wild». Dei tidlegaste 1968-versjonane av albumet hadde ikkje dette.
Innhald
Medverkande Steppenwolf John Kay – solovokal, gitar, munnspel Michael Monarch – gitar, korvokal Goldy McJohn – Hammondorgel, piano, Wurlitzer elektrisk piano Rushton Moreve – bassgitar, korvokal Jerry Edmonton – trommer, korvokal, perkusjon
Teknisk Gabriel Mekler – produsent Bill Cooper – lydteknikar Richard Podolor – lydteknikar Gary Burden – kunstnarisk leiar, design Tom Gundelfinger – fotografi Henry Diltz – fotografi
Salslister Album - Billboard (United States) ÅrListePlassering1968Billboard 2006
Singlar - Billboard (United States) ÅrSingelListePlassering1968«Born to Be Wild»Billboard Hot 1002
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Steppenwolf (Steppenwolf album)» frå , den 2. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Steppenwolf-album Kategori:ABC Records-album Kategori:Album produserte av Gabriel Mekler Kategori:Dunhill Records-album