Minna Kauppi () er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Asikkala. Tre gongar vart ho verdsmeister på mellomdistansen og ein gong på normal-distansen. I fem meisterskap var ho med på finsk VM-triumf i stafett.

Kauppi høyrde til verdseliten i orientering i over ti år frå 2004. Åra 2006-08 var ho med på dei finske laga som vann stafett-tevlinga under verdsmeisterskapen. I 2007 sikra ho seg også gullmedaljen i klassisk løype, og i 2008 sprang ho inn til gull i mellomlang løype. Perioden 2010-12 tok Kauppi to VM-gull i mellomlang løype og to-VM-gull i stafett. I 2013 var ho ankerkvinne for det finske stafett-mannskapet som kom på andreplass bak Noreg. Dermed vann ho medalje i sitt tiande verdsmeisterskap på rad. Ho stod då med totalt 17 (9-5-3) VM-medaljar.

I tida 2005-12 vann Kauppi 12 tevlingar i Verdscupen i orientering.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap VM 2004: Sølv i stafett, nr 5 på mellomdistanse VM 2005: Bronse på mellomdistanse VM 2006: Gull i stafett, nr 4 på mellomdistanse VM 2007: Gull i klassisk og i stafett, sølv på kort-distansen VM 2008: Gull på mellomdistansen og i stafett, sølv på kort-distansen VM 2009: Bronse i klassisk løype og i stafett VM 2010: Gull på mellomdistansen og i stafett VM 2011: Gull i stafett, nr 4 på mellomdistansen VM 2012: Gull på mellomdistanse, sølv på klassisk distanse VM 2013: Sølv i stafett, nr 4 på mellomdistanse VM 2015: Nr 6 på kort-distansen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Minna Kauppi» frå , den 4. juli 2023.

Kategori:Orienteringsløparar Kategori:Verdsmeistrar i orientering Kategori:Finske idrettsutøvarar Kategori:Folk frå Asikkala