Kasper Harlem Fosser () er ein orienteringsløpar frå Oslo. Perioden 2019-22 vann han 2 gullmedaljar, 4 sølvmedaljar og ein bronsemedalje i verdsmeisterskapane. Han triumferte i verdscupen i orientering i 2021 og 2022.
Aktiv Åra 2017, 2018 og 2019 vann Fosser høvesvis 1, 2 og 3 gullmedaljar i junior-VM. I sitt siste år som junior sprang han inn til sølvmedalje på klassisk-distansen ved Verdsmeisterskapen i orientering 2019 i Østfold, slått av landsmannen Olav Lundanes med halvtanna minutt. Under verdsmeisterskapen 2021 ved Doksy i Tsjekkia vart Fosser verdsmeister på klassisk-distansen, framom Matthias Kyburz og Magne Dæhli. I den same meisterskapen lukkast Fosser vinne sølvmedaljar på kortdistansen, i stafetten for menn og i mixstafetten. Året etter vann han gullmedaljen på kortdistansen ved VM i Danmark, heile 16 sekund føre sølvmedaljøren. På den avsluttande mixstafetten i VM tok han seg av tredjeetappen for eit norsk lag som enda på bronseplassen.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap VM 2019: Sølvmedalje på klassiskdistansen VM 2021: Gullmedalje på klassiskdistansen, og tre sølvmedaljar VM 2022: Gull på kortdistansen, bronse i mixstafett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kasper Fosser» frå , den 9. juli 2023.
Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Verdsmeistrar i orientering