«Perfect Strangers» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple. Det er tittelsporet på comebackalbumet Perfect Strangers frå 1984.

Det er ein av dei få Deep Purple-komposisjonane som ikkje inneheld ein gitarsolo. Likevel har grunnleggjaren og gitaristen i bandet Ritchie Blackmore kalla han favorittlåten sin frå Deep Purple. Teksten er inspirert av Elric-bøkene av Michael Moorcock.

Andre versjonar Dimmu Borgir på albumet Abrahadabra som bonusspor. Progressive metal-bandet Dream Theater på EP-en deira A Change of Seasons. Dream Theater framførte han òg live på eit BBC Radio-show med Iron Maiden-vokalisten Bruce Dickinson som vokalist. Bandet framførte han òg under pseudonymet Nightmare Cinema i mellomspela under konsertane når dei bytte instrument. Hardrock-vokalisten Jørn Lande på soloalbumet Unlocking the Past. Den finske duoen Timo Kotipelto og Jani Liimatainen under konsertar og på studioalbumet Blackoustic. Det amerikanske doom metal-bandet Yob gav ut «Perfect Strangers» som ein frittståande singel.

Medverkande Ritchie Blackmore – gitar Ian Gillan – vokal Roger Glover – bass Jon Lord – orgel Ian Paice – trommer

Salslister Liste (1985) PlasseringPolen (LP3)1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Perfect Strangers (Deep Purple song)» frå , den 14. juli 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Deep Purple-songar Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Ian Gillan Kategori:Songar skrivne av Roger Glover Kategori:Songar skrivne av Ritchie Blackmore Kategori:Dimmu Borgir-songar Kategori:Dream Theatre-songar