mini|Nilmunnrugar (Oreochromis niloticus) er ein av fiskane kjende som tilapia. Tilapia viser til ei rekkje ciklidar som stammar frå ferskvatn i Afrika.
Tilapia er også namnet på ei fiskeslekt, men omgrepet kan visa til mange fiskar utanfor denne slekta. Fiskane er kjenneteikna av ein høg og flattrykt kropp, lang ryggfinne, og ofte også ein svart flekk på bakdelen. Tilapia blir mykje brukt til matfisk, og er vanlege i fiskeoppdrett i Afrika, Asia og Sør-Amerika.
Historie Tilapia er kjent under fleire namn. «Tilapia» er ei latinisering av thiape, som betyr ‘fisk’ på tswana.«The genus name Tilapia is a latinisation of the word thiape, which means fish in Tswana», sitert fra: http://www.aquaticcommunity.com/tilapia/etymology.php
Tilapia var eit symbol på gjenføding i gammal egyptisk kunst, og var knytt til gudinna Hathor. Han blei òg sagt å følgja og verna solguden Ra på den daglege reisa hans over himmelen. Tilapia måla på veggene i gravkammer minnar om trylleformel 15 i Dødeboka, der den avdøde uttrykker håpet sitt om ein plass i solbåten: «Du ser tilapiaen i si [sanne] form i den turkise dammen», og «Eg ser tilapiaen i sin [sanne] natur leia den raske båten i vatna sine».Gay Robin: Women in ancient Egypt (p. 188), British museum press, 1993, ISBN 0-7141-0956-8
Tilapia var ein av tre hovudtypar av fisk som blei fiska i Genesaretsjøen i bibelsk tid. På den tida blei ho kalla musht, i våre dagar «sanktpetersfisk».http://article.wn.com/view/2003/07/16/Tilapia_is_a_farmed_fish_of_biblical_fame/ Dette namnet er henta frå Matteusevangeliet 17:24-27, der apostelen Peter fangar ein fisk som har ein mynt i munnen.De kom til Kapernaum, og de som krevde inn tempelskatten, gikk bort til Peter og spurte: «Betaler ikke mesteren deres skatt til tempelet?» «Jo», svarte Peter. Da han kom hjem, spurte Jesus før han rakk å si noe: «Simon, hva mener du om dette: Hvem er det jordens konger krever toll eller skatt av? Er det av barna sine eller av de fremmede?» «Av de fremmede», svarte han. Da sa Jesus: «Så går jo barna fri! Men for at vi ikke skal støte dem, så gå ned til sjøen og kast ut et snøre! Ta den første fisken du trekker opp, og når du åpner gapet på den, vil du finne en sølvmynt. Den skal du gi til dem for meg og deg.» Evangeliet nemner likevel ikkje arten til fisken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tilapia» frå , den 19. juli 2023.
Kategori:Ciklidar Kategori:Matfisk