mini|Dei fire evangelistane måla av Claesz Soutman. Dei fire evangelistane i kristendommen er Matteus, Markus, Lukas og Johannes, som etter tradisjonen skal ha skrive dei fire fyrste bøkene i Det nye testamentet. Matteus og Johannes blir begge rekna som til følgjesveinane til Jesus. Matteus var tollbetjent og Johannes var fiskar. Markus var medarbeidar av apostelen Peter, og Lukas var ein gresk lege og medarbeidar av Paulus.
Symbol
Dei fire evangelistane har symbol knytte til seg som er inspirerte av vers i Det gamle testamentet, Esekiels bok og teke opp att i Johannes' openberring.
Matteus – menneske med venger, engel. Symboliserer at Gud blir menneske Markus – løve med venger. Løva er eit symbol for kongeleg makt. Lukas – Okse. Eit symbol for offer og bønn. Johanne – Ørn. Symboliserer inspirasjonen av den heilage anden.
Symbola blir nytta i kyrkjekunst saman med avbildingar av evangelistane eller som eigne symbol for evangelistane. Gjennomgåande blir Matteus, Markus og Lukas avbilda som gamle menn som sit innandørs og skriv, medan Johanne blir avbilda som ein ung mann som sit utandørs.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Evangelisterna» frå , den 24. juli 2023.
Kategori:Det nye testamentet Kategori:Kvartettar