Toftarøyna er ei øy lengst sør i Øygarden kommune i Vestland fylke. Folketalet er 386 (2011).
Øya har eit areal på ca. 7,8 km². Toftarøyna er knytt saman med Sotra ved Tofterøybrua som stod ferdig i 1975. Før dette hadde det vore ferjesamband over Austefjorden sidan 1960. Høgste punktet på øya er Sælsfjellet, 84 meter over havet.
Tofterøy skule var den einaste skulen på øya, men han vart lagt ned i 2012.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet 2001Arvid Skogseth, Sund på Søre Sotra, bd. 3-4 (Sund kommune, 2014-2015) 132 233 336
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Øygarden