Børilden er ei øy nord i Austrheim kommune i Vestland, nord for Fosnøyna. Øya er veglaus.
Øya er nemnd tidleg på 1300-talet som eigedomen til biskopen i Bergen.
Børilden hadde eigen skule fram til 1951. I 1958 fekk øya telefon og elektrisk straum, som den siste bygda i kommunen. I 1997, då fleire andre øyar nord i Austrheim hadde fått vegsamband, vart drifta av rutebåten innstilt. Øya vart då fråflytta.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet 2000 16 39 0
Kjelder
Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid (Austrheim kommune, 2000) "Eit vemodig farvel", Nordhordland, 4.1.1997
Kategori:Øyar i Austrheim