Manfred Germar () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Köln som representerte Tyskland og Vest-Tyskland. Han vart dobbelt europameister i 1958.

Germar deltok i Sommar-OL 1956, der han vart femtemann på 100-meteren. Som ankermann for det tyske mannskapet på 4 × 100 meter stafett kneip han bronseplassen framom Italia. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vann han gullmedaljen på 200-meteren og han tok sølvmedaljen på 100 meter, berre slått av landsmannen Armin Hary. Germar avslutta EM med å springe Tyskland inn til triumf på 4 x 100 m stafett. I eit internasjonalt stemne i Wuppertal 1. oktober 1958 sette han europarekord på 200 meter med tida 20,6 sekund. Han kom ikkje vidare frå semifinalane då Sommar-OL 1960 fann stad i Roma. To år seinare slo Vest-Tyskland, med Germar som ankermann, Polen på målstreken i kampen om sigeren på 4 x 100 m stafett ved Friidretts-EM 1962 i Beograd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Manfred Germar» frå , den 10. august 2023.

World Athletics

Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960