Herandsholmen er ein holme i Ullensvang kommune i Vestland. Det smale Holmsundet, på det smalaste rundt 50 meter breitt, skil holmen frå fastlandet i Herand. Holmen er rundt 900 meter lang frå nordaust til sørvest. Han er veglaus.
Det var husmannsplass på Herandsholmen sidan iallfall midten av 1600-talet. I 1755 vart det oppretta ein gjestgjevarstad her. Landhandelen på holmen vart avvikla i 1914, då hadde gjestgjevarstaden stengt nokre år før, rundt århundreskiftet. Holmen har vore utan fast busetjing sidan 1987. Det vert no drive utleige til grupper.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Strandebarm prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Jondal herred, frå Digitalarkivet 2000 12 19 0
Kjelder
Gaute Losnegård, Jondal kommune - Gards- og slektssoge, bd. 1 (Jondal kommune, 2003)
Kategori:Øyar i Vestland kategori:geografi i Ullensvang