Solstråleøya, tidlegare Olderholmen, er ein holme i Tysnes kommune i Vestland, rett aust for Stora Godøy. Holmen er veglaus og utan fast busetjing.

Holmen vart busett rundt 1889 av den velståande engelskmannen John Musgrove som bygde seg eit særprega, borgliknande hus her etter å ha blitt kjent med området som gjest på hotellet i Godøysund. Ved folketeljinga i 1900 budde det tre personar her.Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet

I 1905 gav Musgrove holmen som gåve til den nye norske kronprinsen, Olav. På 1920-talet vart det borgliknande huset erstatta av ei tømmerhytte, «Prinsehytta», som kongefamilien brukte ein del i mellomkrigstida. Hytta vart flytta frå holmen i 1949. Fram til 1960-talet budde ein oppsynsmann med familie på holmen.

Kjelder

Ernst Berge Drange, Tysnes - Gards- og ættesoge 3 (Tysnes sogelag, 1989)

Kategori:Øyar i Tysnes