John Whetton () er ein britisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Mansfield som i 1969 vart europameister på 1500 meter.
Whetton kom på åttandeplass på 1500 meter med tida 3.42,4 då Sommar-OL 1964 fann stad i Tokyo. Fire år seinare enda han på femteplass på distansen ved dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen, langt bak medaljevinnarane. I finalen på 1500 meter under EM i friidrett 1969 i Aten gjorde Whetton sitt livs løp. Han spurta i mål til gullmedalje, personbeste og meisterskapsrekorden 3.39,4, eitt tidels sekund føre irske Frank Murphy.
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «John Whetton» frå , den 27. august 2023.
Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå Mansfield