Kvaløyna er ei øy nordvest i Solund kommune i Vestland. Det smale og grunne Kvaløysundet skil ho frå den større naboøya Ospa. Begge desse øyane er veglause og utan busetjing.
Kvaløyna vart busett på 1870-talet, då det vart oppretta ein husmannsplass her. Ved folketeljinga i 1900 budde det tre personar her.Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet Øya var berre busett i ein generasjon - dei første busetjarane flytta frå øya att i 1920 og tok med seg husa sine. Sidan har øya ikkje hatt fast busetjing.
Kjelder
Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. II (Solund Sogenemnd, 1982)
Kategori:Øyar i Solund