Storøya er ei øy i Eidsvågen i Åsane i Bergen kommune. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Øya vart skilt ut frå Åstveit som eigen gard i 1816. Ved folketeljinga i 1900 budde det 11 personar her.Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007) I 1920 vart øya selt til Bergens Seilforening, som bygde foreningshus og fasilitetar for båtliv her. Etter overfallet på Noreg i 1940 sette det tyske militæret opp kanonstillingar og brakkar på øya, og desse vart bomba av engelske fly i mai 1940, men utan at nokon menneske kom til skade. I 1956 kjøpte Bergen kommune øya. Dei siste fastbuande flytta herfrå i 1969.
Kjelder
Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007)
Kategori:Øyar i Vestland kategori:geografi i Åsane