Justyna Święty-Ersetic () er ein polsk friidrettsutøvar som i 2018 vart europameister på 400 meter. I den same meisterskapen vann ho også gullmedlaje i 4 x 400 m stafett for kvinner, medan ho i 2021 var med på å vinne OL-gull for Polen i 4 x 400 m mix-stafett.

Karriere Święty var med på alle Polen sine lag i 4 × 400 meter stafett frå Sommar-OL 2012, via VM 2013, EM 2014 (nr. 5), VM 2015, EM 2016 (nr. 4), OL 2016 (nr. 7), VM 2017 (nr. 3), EM 2018 (nr. 1), VM 2019 (nr. 2), Tokyo-OL 2021 (nr. 2), VM 2022 og til EM 2022 (nr. 2). Under europameisterskapen i Berlin sikra ho seg den 11. august gullmedaljen på 400 meter med livsbeste 50,41 sekund. Knapt to timar seinare var ho ankerkvinne for det polske laget, som elles bestod av Małgorzata Hołub-Kowalik, Iga Baumgart-Witan og Patrycja Wyciszkiewicz, som sigra i 4 x 400 meter stafett.

Ved dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021 sprang Święty-Ersetic den tredje etappen for det polske mannskapet som vart olympiske meistrar i 4 x 400 meter mix-stafett. Karol Zalewski, Natalia Kaczmarek og Kajetan Duszyński tok seg av dei øvrige etappane. Ei veke etter var Święty-Ersetic ankerkvinne i 4 × 400 m stafett for kvinner, her vann ho sølv i lag med Kaczmarek, Baumgart-Witan og Hołub-Kowalik.

Kjelder World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Justyna Święty-Ersetic» frå , den 7. september 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Polske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022