Akunnaaq er ei bygd i Qeqertalik kommune på vestkysten av Grønland. Bygda hadde 85 innbyggarar i 2018.Befolkningen i lokaliteterne 1. Januar 1977-2018 , Statistikbanken, Grønlands Statistik.
Namn Akunnaaq betyr «staden imellom».«Akunnaaq», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018.
Geografi Akunnaaq ligg aust på den rundt 11 km² store øya Akunnaap Nunaa sør i Diskobukta.«Akunnaaq», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018. Bygda ligg 23 km nordaust for Aasiaat.
Akunnaaq hamn er islagd frå desember/januar til april/mai.
Historie Busetnaden Akunnaaq blei grunnlagd i 1850. Det har budd folk i dette området tidlegare òg. I 1799 fanst det planar om å folkesetja staden, på grunn av den ideelle plasseringa hans i forhold til fiske, men sidan plassen hadde ein kopparepidemi nokre år tidlegare var det få som ville flytta dit. Dei som bur her i dag er etterkommarar etter dei som flytta hit i 1850. I 1915 hadde talet innbyggarar her auka til 116.
Samfunn Hovudnæringsvegen i Akunnaaq er i hovudsak torskefiske og fangst.«Akunnaaq», Den grønlandske Havnelods, Geodatastyrelsen. Lest 25. juli 2018. Akunnaaq har ei hamn eigd av den grønlands sjølvstyresmakta, og det er eit fiskemottak her. Fisken blir salta før han blir utført. Det blir òg drive med produksjon av steinbitrogn.
Akunnaaq blir tent av bygdeskipsruta til Royal Arctic Line.
Folkeskulen i bygda heiter Aadap atuarfia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Akunnaaq» frå , den 11. september 2023.
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1850 Kategori:Busetnader på Grønland Kategori:52°W Kategori:68°N