mini|King of Swords-kortet frå Rider-Waite-kortstokken. Vesle arkana (Minor Arcana) er fargekorta i ein tarot-kortstokk som blir nytta til å spå med.

Tarotkort dukka opp i Nord-Italia på 1440-talet og var utforma til å spela tarotkortspel med. Dei har typisk fire fargar med ti uillustrerte talkort , i tillegg til 4 bildekort. Tarot-spel er framleis utbreidde i Sentral- og Sør-Europa, og fransk tarot er det andre mest populære kortspelet i Frankrike etter belote.

Tarotkort ein kunne nytta til å spå med blei utbreidde i Frankrike på slutten av 1800-talet, nytta av okkultistar som Etteilla. Omgrepa «Major» og «Minor Arcana» stammar frå Jean-Baptiste Pitois (1811–1877), som skreiv under namnet Paul Christian.Ronald Decker, Thierry Depaulis, and Michael Dummett. A Wicked Pack of Cards. The Origins of the Occult Tarot. New York. St. Martin's Press, 1996

I moderne versjonar av korta er den vesle arkanaen ofte illustrert, ein skikk som blei popularisert med Rider-Waite-korta i 1910. Korta i den vesle arkanaen blir brukte i tarotlesing saman med den store arkanaen til å føreslå detaljar og tillegg.

Kartomantiske tarotkort som er avledde frå kort i latinsk stil har typisk ein liten arkana med 56 kort, der kvar farge har 14 kort: Stavar (alternativt stenger, klubber o.l.), koppar (kalkar, fat eller skåler), sverd (eller klinger) og pentaklar (myntar, diskar eller ringar). Dei fire bildekorta er vanlegvis pasje, riddar, dronning og konge. Nokre variasjonar har prinsesse- og prinsekort i staden for pasje- og riddarkort; den historiske Visconti-Sforza-kortstokken utvida han med to tilleggskort: jomfruen og den ridande dama. Medan den historiske Marseilles-tarotkortstokken omfattar 56 kort, har seinare stokkar basert på franske stokkar kløver (♣), hjarte (♥), spar (♠) og ruter (♦) med berre tre biletkort per farge, ein knekt, ei dronning og ein konge.

Symbolikk I spådoms-, esoterisk- og okkult tarot meiner ein at den vesle arkanaen representerer relativt verdslege karaktertrekk i livet. Biletkorta representerar folk ein møter.

Kvar farge har òg karakteristiske karaktertrekk og konnotasjonar som vanlegvis blir sett på som følgjer: Latinsk stokkFransk stokkElementKlasseFakultetStenger, stavar, klubberKlubbarEldHandverkKreativitet og viljePentakkel, myntar, diskar, ringarDiamantJordHandelMaterielle lekamar eller eigedomarKopp, kalkar, skåler, fatHjarteVatnGeistlegKjensler og kjærleikSverd, klingerSparLuftAdel og militærFornuft

Tilknytingar til planetar I Hermetic Order of the Golden Dawn er tala knytte til planetar, som svarar til plasseringa deira i Kabbala.

Tre - Saturn Fjerde - Jupiter Fem - Mars Seks - Sola Sju - Venus Åtte - Merkur Ni - Månen Ti - Jorda

Galleri Illustrasjonar frå Rider–Waite-kortstokken, som er den mest utbreidde blant engelsktalarar.

Stavar

Koppar

Sverd

Pentakkel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Minor Arcana» frå , den 14. september 2023.

Kategori:Tarot