Tajay Gayle () er ein jamaicansk lengdehoppar som i 2019 vart verdsmeister i øvinga.
Karriere 13. juli 2018 sette Gayle personleg rekord med 8,17 meter då han sigra i DL-stemnet i Rabat. Få veker seinare forbetra han rekorden sin til 8,24 m då han vart andremann i den nordamerikansk-karibiske meisterskapen i Toronto. Sommaren 2019 flytta han sitt personbeste til 8,30 m i Kingston, to veker etter vann han lengde-tevlinga i eit DL-steme i Shanghai. Under verdsmeisterskapen i Doha var han tolvte best i kvalifiseringa. I finalen overraska han stort med 8,69 meter, verdas lengste lengdehopp for året og jamaicansk rekord. Han vart nummer 10 i OL-finalen 2021, før han kom tilbake og kneip bronsemedaljen i VM i friidrett 2023 i Budapest med eit hopp på 8,27 meter.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Tajay Gayle» frå , den 16. september 2023.
Kategori:Jamaicanske lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020