Flatholmen er ein holme i Fitjar i Vestland fylke, mellom Ivarsøy, Skatholmen og Gloppholmen. Holmen er veglaus.

På Flatholmen var det til tider husmannsplass under Engesund iallfall sidan tidleg på 1700-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det 11 personar her.Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet

Det finst òg ein annan holme med namnet Flatholmen lenger vest i Fitjar, ved Tranøy og Torsdagsøy. Denne holmen har ikkje vore busett.

Kjelder

Kategori:Øyar i Fitjar Kategori:Fitjarøyane