Mvet er eit strengeinstrument, ein type stokkesiter, Hornbostel-Sachs (311), nytta av fangfolk i Gabon, Kamerun, Den Demokratiske Republikken Kongo, São Tomé og Ekvatorial Guinea. Han likna koraen til mandefolket, men er større og enklare. Ein mvet består det av ein røyrforma stokk av palmeraffia eller bambus, mellom ein og to meter lang, og har vanlegvis tre kalebass-resonatorar. Ein sentral vertikal stol deler fire eller fem tarm- eller metallstrenger, som blir spelt på begge sider av stolen.
Instrumentet blir halde horisontalt på brystet for å stenga eller opna for den sentrale resonatoren gjennom å røra armane. Ein kan bruka mvet som soloinstrument eller akkompagnement til song eller poesi, som epos, slagsongar, rituale, filosofi og kunnskap om verda.
På slutten av 1900-talet blei mvet eit viktig instrument i bikutsi-musikken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mvet» frå , den 22. september 2023. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Video. Mvet played. Musician talks about his instrument. Instrument + photo Encyclopaedia of Mvet Archived paper submitted to MoneFang.com giving details of the instrument as played by the Fang people. Kategori:Harper Kategori:Vestafrikanske musikkinstrument Kategori:Gabonsk musikk Kategori:Kamerunsk musikk