mini|Barnehage som framfører «Itsy Bitsy Spider». Lille Petter Edderkop er eit gammalt vers av ukjent opphav og med melodi av ein ukjend komponist. Det er ein populær barnesong med handrørsler som finst på mange språk, t.d. er den engelske tittelen «Itsy Bitsy Spider».

Tekst mini|Video av den engelske «Itsy Bitsy Spiter» med rørsler. mini|Framføring av «Insey Winsey Spider» med eit barn.

Den norske teksten er:

Den danske teksten er:

Den engelske versjonen kan heita «Itsy Bitsy Spiter» eller «Insey Winsey Spider». Ein vanleg tekst er:

Handrørsler Til songen kan ein framføra handrørsler som illustrerer teksten:

Når Lille Peter Edderkopp kryp opp, set ein hendene parvis mot kvarandre med peikefinger mot tommel og bytter fingrar slik at dei lagar ei «kravlerørsle» medan ein fører hendene oppover. Når regnet skyler Peter ned, blir alle fingrane brukte som regndråpar som fell mot jorda. Når sola kjem fram, teikner ein ei sol med begge armar i ein stor sirkel framfor kroppen. Når sola tørkar Peter, held ein armane om kroppen som i ein varm klem Når Peter kravlar opp igjen, gjentar ein kravlerørsla med fingrane.

Eldre utgåver I boka Camp and Camino in Lower California frå 1910 blir songen omtalt som den klassiske «Spider Song». Songen nyttar banneorda «blooming, bloody» i staden for «itsy bitsy», og edderkoppen klatrar opp ein spindelvev i staden for eit røyr, som i seinare versjonar. Ein av dei nyare versjonane blei gjeven ut i Western Folklore av California Folklore Society i 1948,Hansen, Marian. "Children's Rhymes Accompanied by Gestures," Vol. 7, No. 1, p. 53 Mike og Peggy Seeger si American Folk Songs for Children (1948).Vaughan Williams Memorial Library Online search , henta 19. august 2010.

Teksten til «Spider Song» frå 1910:

Oh, the blooming, bloody spider went up the spider web, The blooming, bloody rain came down and washed the spider out, The blooming, bloody sun came out and dried up all the rain, And the blooming, bloody spider came up the web again.

Ein litt annan versjon dokumentert frå Indiana i 1909 frå eit college har liknande handling som nyare versjonar, men meir banning:

There was a blooming spider Went up a blooming spout And down came the rain And washed the spider out Out came the sun And dried up all the rain But that bloody blooming son of a gun Went up that spout again

Avleidde verk Knud Pheiffer skreiv ein tekst med melodi av Erik Deneke der han har sette inn «Lille Peter Edderkop» som siste vers. Denne teksten kom fyrst ut i 1948, og har sidan kome ut i fleire utgåver. Pheiffers brukte Lille Peter Edderkop som moral på ei historie om å møta motgang med pågangsmot. Hans eigen tekst er på 11 vers med 8 linjer kvar.

I songen dreg Peter verda rundt, spinn eit vev på ein skyskrapar i Amerika, møter indianarar, lir skipsforlis og vitjer Upernavik, og i 12. vers kravlar Peter så opp muren, blir skylt ned, tørka og kravlar opp att.

Innspelingar Songen er spelt inn ei rekkje gonger, mellom anna av: 1986: Carly Simon til filmen Heartburn og albumet Coming Around Again 1989: Nicole Kidman til Dead Calm-soundtracket (som «Incy Wincy») 1991: Little Richard til Disney-CD-en For Our Children til støtte for Elizabeth Glaser Pediatric AIDS Foundation 1995: Musikkgruppa Aqua, under det opphavlege namnet sitt Joyspeed, gav ut singelen «Itzy Bitzy Spider»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lille Peter Edderkop» frå , den 26. september 2023. oppgav desse kjeldene: Lille Peter Edderkop, 3. udgave v./Susanne Breuning, ]]

Denne artikkelen bygger på «Itsy Bitsy Spider» frå , den 26. september 2023. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Barnesongar Kategori:Songleikar Kategori:Edderkoppar i kulturen