Wolfgang Hohlbein () er ein tysk science fiction-, fantasy- og horrorforfattar fødd i Weimar i Bezirk Erfurt og busett nær Neuss i Nordrhein-Westfalen. Kona hans, Heike Hohlbein, er også forfattar, og samaarbeider ofte med mannen. Med over 200 utgavne bøker og over 43 millionar selde kopiar blir Hohlbein rekna som ein av dei mest framgangsrike tyske forfattarane innan fantasy-sjangeren.

Liv Wolfgang Hohlbein blei fødd i 1953 i Weimar i Bezirk Erfurt. Etter å ha fullført skulegangen blei han lærling som industrikontorist. Etter lærlingtida arbeidde han i dette yrket dei neste åra. For å få meir inntekt, arbeidde han òg som nattevakt. Det var i denne perioden han byrja å skriva dei tidlege verka sine, for å få tida til å gå. I 1971 møtte han Heike Hohlbein, som han skulle gifta seg med 3 år seinare. Dei har seks born saman. I 1977 blei dottera Rebecca Hohlbein fødd, som òg blei forfattar. I 1982 sa Hohlbein opp jobben for å bli fulltidsforfattar. Kort tid seinare flytta familien til Neuss i Nordrhein-Westfalen, der han har budd sidan.

Virke Hohlbein skreiv noveller frå ung alder, og blei fyrst anerkjend som forfattar etter at han sende inn eit manuskript han og kona hans hadde skrive til ei fantasy- og science fiction-skrivetevling i 1982. Dei vann, og boka deira, Märchenmond (engelsk tittel Magic Moon), blei gjeven ut av Ueberreuter Verlag. Ho blei snart ein bestseller, og vann fleire prisar. I dei følgjande åra skreiv Hohlbein to oppfølgjarar til boka, og suksessen heldt fram. Trilogien har vore den største suksessen deira til i dag, og selde meir enn 2 millionar kopiar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Hohlbein» frå , den 30. september 2023.

Kategori:Tyske mannlege forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Weimar