Karianne Berntine Bråthen () er ein norsk politikar som var ordførar 2015-19 i Øksnes. Sidan 14. oktober 2021 møter ho på Stortinget som fyrste vararepresentant frå Nordland for Arbeidarpartiet.
Bråthen var medlem i Øksnes kommunestyre frå 2011. Perioden mellom 2015 og 2019 var ho ordførar, måtte deretter overlate ombodet til John Danielsen frå Senterpartiet.
Då Bjørnar Skjæran vart statsråd i Støre-regjeringa, rykte Bråthen inn på Stortinget. Ho er medlem i Næringskomitéen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025