Goran Šprem () er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Dubrovnik. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Šprem spelte venstrekant.

Karriere Landslagsspel Šprem var del av det suksessrike Kroatia-laget som vann gullmedalje ved verdsmeisterskapen 2003 og dei olympiske leikane 2004, og sidan fekk sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-VM 2009. Frå debuten i 1999 og fram 2009 deltok Šprem i 109 landskampar og skåra 277 mål.

Klubbspel Šprem var aktiv for RK Zagreb periodane 1996-2001, 2002-04 og 2009-11. Jamleg vart han og laget nasjonal seriemeister, samt cupmeister. Åra 1998 og 1999 tok Zagreb-mannskapet seg til finalen i meisterligaen, begge gongane fekk det stryk av FC Barcelona. I oktober 2004 skreiv Šprem kontrakt med tyske Flensburg-Handewitt. Der fekk han lite speletid, grunna Lars Christiansen sitt gode spel. Etter kort tid i Melsungen hausten 2006, flytta han over til Nordhorn og vart der verande til 2009. I 2008 var han med å vinne med 60 mot 57 over danske FCK Håndbold i finalane i EHF-cupen. Etter sine siste to år som Zagreb-spelar, gjorde han teneste i tyske Gummersbach frå oktober 2011 til han la opp i januar 2013.

Merittar Handball-EM 2000 for menn: Nr 6 Handball-EM 2002 for menn: Nr 16 Handball-VM 2003 for menn: Gullmedalje, siger over Tyskland Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania Handball-EM 2006 for menn: Nr 4 Sommar-OL 2008: Nr 4 Handball-VM 2009 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike Vinnar av EHF-cupen: 2008 med Nordhorn, siger over FCK Håndbold Kroatisk seriemeister: 1997-2001, 2003-04 og 2010-11 for RK Zagbreb Kroatisk cupmeister: 1997-2000, 2003-04 og 2010-11 for RK Zagreb Finaletap i EHF-meisterligaen: 1998 og 1999 med RK Zagreb, begge gongane mot FC Barcelona

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Goran Šprem» frå , den 12. oktober 2023. Denne artikkelen bygger på «Goran Šprem» frå , den 12. oktober 2023.

Kategori:Kroatiske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Kroatia Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Dubrovnik