Inna Jevgenjevna Suslina () er ein russisk tidlegare handballspelar frå Tasjkent. Målvakta vart verdsmeister for Russland i 2001, 2007 og 2009.

Karriere Landslagsspel Åra frå 1999 til 2012 deltok Suslina i 172 av Russland sine landskampar. I 2001 var ho med på å vinne VM-finalen. Etter ei tid utan landskampar, kom ho i 2006 tilbake og vann sølv i europameisterskapen. Sidan vann ho VM-gull i 2007, OL-sølv i Beijing i 2008 og, same året, EM-bronse i Makedonia. I desember 2009 vakta Suslina målet då Russland slo Frankrike i VM-finalen i Nanjing.

Klubbspel Suslina spelte på Rostov-Don i 1997. Deretter var ho aktiv 1998-2001 i Adjif Majkop. Frå 2001 vakta ho målet til den russiske toppklubben Lada Toljatti. Her vart ho nasjonal cupmeister i 2002 og seriemeister i 2002, 2003, 2004. Våren 2002 triumferte Lada og Suslina i EHF-cupvinnarcupen. Sommaren 2004 flytta Suslina over til danske GOG og vart dansk cupmeister i 2005. 2008-10 stod Suslina i mål for russiske Zvezda Zvenigorod, 2010-12 var ho tilbake i Rostov-Don. Frå hausten 2012 gjorde Suslina teneste i det makedonske laget Vardar. Med Vardar vart ho seriemeister kvar einaste sesong fram til ho la opp i 2018. I 2017 nådde laget finalen i meisterligaen, der det etter ekstraomgangar vart tap mot Győri ETO frå Ungarn.

Merittar VM-gull: 2001, 2007 og 2009 for Russland OL-sølv: 2008 for Russland EM-sølv: 2006 for Russland EM-bronse: 2000 og 2008 for Russland Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 2002 med Lada Toljatti Finaletap i EHF-meisterligaen: 2017 med Vardar Russisk seriemeister: 2002, 2003, 2004 med Lada Toljatti Russisk cupmeister: 2009, 2010, 2012 med Zvezda Zvenigorod Dansk cupmeister: 2005 med GOG Makedonsk seriemeister: 2013-18 med Vardar Makedonsk cupmeister: 2014-18 med Vardar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inna Jewgenjewna Suslina» frå , den 15. november 2023. Denne artikkelen bygger på «Inna Souslina» frå , den 15. november 2023.

Kategori:Russiske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland