Feng Jing () er ein kinesisk tidlegare turnar. Han vart verdsmeister 2001 i mangekamp og 2006 i lagkamp med Kina.
Feng overraska ved å gå til topps i mangekampen under Turn-VM 2001 i belgiske Gent, ein meisterskap der fleire av dei beste utøvarane frå Kina ikkje tok del. Han kom elles på fjerdeplass i skranke. Fem år seinare deltok han i fire av dei seks øvingane då Kina vann lagtevlinga ved Turn-VM 2006 i Århus. Han vart dessutan femtemann i bøylehest. Feng var også med då Kina vann lagtevlinga i Asialeikane 2006 i Doha.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Feng Jing» frå , den 17. november 2023.
Bakgrunnssstoff
Kategori:Kinesiske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Folk frå Xian