Lars Stefan Lövgren () er ein svensk tidlegare handballspelar frå Partille. Perioden 1994-2002 vart han europameister fire gongar, og ein gong verdsmeister. Lövgren var vanlegvis midtre rykkromspelar.
Karriere Landslagsspel Lövgren landskamp-debuterte 23. oktober 1993. Fram til 2006 deltok han i 269 landskampar og skåra 1161 mål. Han var landslagskaptein frå 2001 til han slutta. Åra frå 1994 til 2002 sanka han fire EM-medaljar, alle i gull, og fire VM-medaljar i ulike valørar. Lövgren er den einaste spelaren som har skåra minst 50 mål i alle dei tre store internasjonale turneringane: verdsmeisterskap (1997: 50), sommar-OL (2000: 51) og europameistersap (2002: 57).
Klubbspel Lövgren var aktiv i Redbergslids IK frå 1990. Gjennom åtte sesongar i toppserien 1169 skåringar, sanka han fem meister-pokalar i serien i tre i cupen. 1998/99-sesongen spelte han på det tyske bundesliga-laget Niederwürzbach. Frå 1999 til han la opp i 2009 gjorde han teneste i THW Kiel, der han var lagkaptein frå 2001. I desse ti sesongane vart han sju gongar tysk ligameister og i 2002 og 2004 vinnar av europaserien. Høgdepunktet kom då han leia Kiel til triumf i meisterligaen våren 2007.
Merittar EM-gull: 1994, 1998, 2000 og 2002 med Sverige VM-gull: 1999 med Sverige VM-sølv: 1997 og 2001 med Sverige VM-bronse: 1995 med Sverige Vinnar av EHF-meisterligaen: 2007 for THW Kiel Vinnar av EHF-europaserien: 2002 og 2004 for THW Kiel Svensk seriemeister: 1993, 1995, 1996, 1997, 1998 for Redbergslid Svensk cupmeister: 1996, 1997, 1998 for Redbergslid Tysk ligameister: 2000, 2002, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009 for THW Kiel Tysk pokalvinnar: 2000, 2007, 2008, 2009 for THW Kiel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stefan Lövgren» frå , den 23. november 2023.
Kategori:Svenske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000