Rakelgrava (bibelsk : קְבֻרַת רָחֵל Qǝbūrat Rāḥēl; moderne hebraisk; : قبر راحيل Qabr Raḥīl) er ein stad som blir rekna som gravstaden til den bibelske matriarken Rakel. Staden blir òg referert til som Bilal bin Rabah-moskéen (: مسجد بلال بن رباح). Grava blir verdsett av jødar, kristne og muslimar. Ho ligg ved den nordlege inngangen til den palestinske byen Betlehem, ved sida av Rakelgrava-kontrollpunktet. Ho er bygd i stilen til ein tradisjonell maqam, arabisk for heilagdom.
Historie mini|venstre|Den moderne utforminga til Rakelgrava, med historiske lag av bygningen.
Bysantinsk tid Tradisjonar kring grava på denne staden kan sporast tilbake til byrjinga av 300-talet.Pringle, 1998, p. 176 Eusebius sitt Onomastikon (skrive før 324) og Itinerarium Burdigalense (333-334) skriven av ein anonym pilgrim frå Bordeaux nemner at grava låg rundt 6 km frå Jerusalem.
Tidleg muslimsk tid Seint på 600-talet blei grava markert med ein steinvarde, utan nokon pynt.Edward Robinson, Eli Smith. Biblical researches in Palestine and the adjacent regions: a journal of travels in the years 1838 & 1852, Volume 1, J. Murray, 1856. p. 218. På løpet av 900-talet blei ho ikkje nemnd av Muqaddasi og andre geografar, noko som tyder på at ho kan ha tapt tyding før krossfararane gjenoppliva tilbedinga.
Muhammad al-Idrisi skreiv i 1154: «Halvvegs på vegen [mellom Betlehem og Jerusalem] er gravstaden til Rakel (Rahil), mor til Josef og Benjamin, dei to sønene til Jakob, fred over dei alle! Grava er dekka av tolv steinar, og over dei er ein kuppel».
Benjamin av Tudela (1169-71) er den fyrste jødiske pilegrimen ein kjenner til som skildra si vitjing til grava. Han nemnde ein pilar laga av 11 steinar og ein kuppel som låg oppå fire søyle, «og alle jødar som går forbi, rissar namna sine på steinane i pilaren.» Petachja frå Regensburg forklarte at dei 11 steinane representerte dei israelske stammane, utan Benjamin-stammen, sidan Rakel hadde døydd under fødselenhans. Alle var av marmor, med marmoren til Jakob på toppen.
Frå rundt 1400-talet, om ikkje tidlegare, var grava under oppsyn av dei muslimske styresmaktene. Den russiske diakonen Zozimos skildra henne som ein moské i 1421. Ein guide frå 1467 gjev Shahin al-Dhahiri æra for å ha bygga ein kuppel, ei sisterne og ei drikkefontene på staden. mini|Grava kring 1840, like før renoveringane til Montefiore. Den proto-sionistiske britiske bankmannen sir Moses Montefiore vitja Rakelsgrava i lag med kona si på si fyrste vitjing til Det heilage landet i 1828. Paret var barnlaust, og lady Montefiore blei djupt rørt av grava, som var i god stand på den tida. Før paret vitja staden att, i 1839, hadde jordskjelvet i Galilea i 1837 gjort mykje skade på grava. mini|venstre|Plakett inne i grava til minne om renoveringane til Montefiore. mini|portrett|Ein av to sebilar (drikkefontener) med våpenskjoldet til Det osmanske riket (no delvis øydelagt), i 2008. Den arabiske innskrifta, som sidan er blitt tildekt, er frå kapittel 21, vers 30 av Koranen. I 1841 renoverte Montefiore staden og fekk nøkkelen til grava for jødane. Han renoverte heile strukturen, rekonstruerte og kvitkalka kuppelen og la til eit forkammer, inkludert ein mihrab for muslimsk bønn, for å mildna muslimsk frykt.
I 1845 stod Montefiore for fleire utbetringar av bygningen.Sered, Our Mother Rachel, in Arvind Sharma, Katherine K. Young (eds.). The Annual Review of Women in World Religions, Volume 4, SUNY Press, 1991, pp. 21–24. Han fekk tilføydd eit nytt forkammer i aust for muslimsk bønn og gravleggingsførebuing, kanskje som ei forsonande handling.Whittingham, George Napier. The home of fadeless splendour: or, Palestine of today, Dutton, 1921. p. 314. "In 1841 Montefiore obtained for the Jews the key of the Tomb, and to conciliate Moslem susceptibility, added a square vestibule with a mihrab as a place of prayer for Moslems." Rommet hadde ein mihrab vend mot Mekka.Linda Kay Davidson, David Martin Gitlitz. Pilgrimage: from the Ganges to Graceland : an encyclopedia, Volume 1, ABC-CLIO, 2002, p. 511.
I 1864 gav jødane i Bombay pengar til å grava ein brønn. Sjølv om Rakelgrava berre låg ein og ein halv time til fots frå gamlebyen i Jerusalem, blei mange pilgrimar tørste på vegen og kunne ikkje finna drikkevatn her. Kvar rosh hodesj (fyrste dagen av den jødiske månaden) førte jomfrua frå Ludmir følgjarane sine til Rakelgrava og leia ei bøneteneste med ulike rituale, som inkluderte å spreia ut bøner frå dei siste fire vekene over grava. På den tradisjonelle årsdagen for dødsfallet til Rakel førte ho ein høgtideleg prosesjon til grava der ho song salmar heile natta.
I 1912 gav dei osmanske styresmaktene jødane løyve til å reparera sjølve heilagdommen, men ikkje forkammeret. I 1915 hadde bygningen fire veggar, kvar av dei ca 7 m lange og 6 m høge. Domen nådde kring 3 meter.Bromiley, Geoffrey W. The International Standard Bible Encyclopedia: Q–Z, Wm. B. Eerdmans Publishing, 1995 (reprint), . p. 32. mini|venstre|Etz Chaim-studentar som vitjar grava på 1930-talet. Ved den arabisk-israelske krigen i 1948 blei området okkupert og annerktert av Jordan. Våpenkvileavtalen frå 1949 garanterte i teorien fri tilgang til grava, sjølv om israelarar, som ikkje kunne koma inn i Jordan, blei hindra frå å vitja henne.Daniel Jacobs, Shirley Eber, Francesca Silvani. Israel and the Palestinian territories, Rough Guides, 1998. p. 395. Jødar som ikkje var israelske heldt likevel fram med å vitja området. I denne perioden blei den muslimske gravlunden utvida.
Etter Seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel Vestbreidda av Jordanelva, som omfattar Rakelsgrava. Grava blei underlagt israelsk militærstyre. Statsminister Levi Eshkol meinte grava måtte bli del av dei nye utvida kommunegrensene til Jerusalem, men forsvarsminister Moshe Dayan valde av tryggleiksgrunnar å ikkje omfatta henne i territoriet som blei lagt til Jerusalem.Benveniśtî, Mêrôn. Son of the Cypresses: Memories, Reflections, and Regrets from a Political Life, University of California Press, 2007, pp. 44–45.
Islamske halmånar i romma i bygningen blei så fjerna. Muslimar fekk forbod mot å nytta moskéen, men fekk løyve til å nytta gravlunden ei stund til. Frå 1993 fekk ikkje lenger muslimar nytta gravlunden. Ifølgje Betlehem-universitetet er «tilgang til Rakelgrava no avgrensa til turistar som kjem inn frå Israel.»"Bethlehem University Research Project Explores Importance of Rachel's Tomb." Bethlehem University. 4 May 2009. 25 March 2012.
Oslo II-avtalen frå 28. september 1995 plasserte Rakelgrava i ein palestinsk enklave (Areal A), med ei særarrangement som gjorde henne - i lag med hovudvegen Jerusalem-Betlehem - underlagt israelsk tryggleiksansvar.: "Rachel’s Tomb was originally assigned to Palestinian Area A under the 28 September 1995 Israel–Palestine Interim Accords and thus came under full Palestinian responsibility for internal security, public order and civil affairs. Annex I, Article 5 provided that "during the Interim Period" Israel will have security control of the road leading to the Tomb and may place guards at the Tomb. On 11 September 2002, the Israeli security cabinet approved placing Rachel's Tomb on the Jerusalem side of the Security Wall, thus placing Rachel's Tomb within the "Jerusalem Security Envelope," and de facto annexing it to Jerusalem."
1. desember 1995 blei resten av Betlehem, med gravenklaven som einaste unntak, underlagt den fulle kontrollen til dei palestinske sjølvstyresmaktene.
I 1996 byrja Israel å forsterka området i eit 18 månader langt prosjekt som kosta 2 millionar dollar. Det inkluderte ein høg mur og ein militærpost.
venstre|mini|Harediske jødar ber ved grava i 2011.
11. september 2002 godkjente det israelske tryggleiksrådet at graven skulle leggjast inn på den israelske sida av Vestbreidda og omringa av ein betongmur og vakttårn. I februar 2005 avviste den israelske høgsteretten ein palestinsk appell om å endre ruta til Vestbreiddebarrieren i området med grava. Bygginga av barrieren øydela det palestinske kvarteret Qubbet Rahil (‘Rakelgrava’), som omfatta 11% av Betlehem. Israel erklærte området som ein del av Jerusalem. I 2011 blei det oppretta eit «Barrieremuseum» av palestinarar på nordveggen av den israeliske barrieren kring Rakelgrava.
Replikaer Grava til sir Moses Montefiore, ved Montefiore-synagogen i Ramsgate i England, er ein kopi av Rakelgrava.Sharman Kadish, Jewish Heritage in England : An Architectural Guide, English Heritage, 2006, p. 62
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rachel's Tomb» frå , den 25. november 2023.
Kategori:Kvinner og død Kategori:Jødiske pilegrimsstader Kategori:Stader i Toraen Kategori:Betlehem