mini|Løvebakken ved Stortinget har gjeve namn til mållaget for politikarar. Løvebakken Mållag er eit yrkesmållag under Noregs Mållag som vart stifta i 1974. Medlemmane er politikarar som sit på Stortinget eller i regjering, og som engasjerer seg i nynorsk og målsaka. Laget har kring 30 medlemmar.
Namnet «Løvebakken» kjem frå kallenamnet på Stortinget.
Sveinung Rotevatn frå Venstre har vore leiar sidan 2022. Han tok då over etter Magne Rommetveit (Ap).
Dei andre i styret frå 2021 er Sofie Marhaug (R), Roy Steffensen (Frp), Torbjørn Vereide (Ap), Olaug Bollestad (KrF), Ingrid Fiskaa (SV), Liv Kari Eskeland (H) og Nils T Bjørke (Sp). mini|Sveinung Rotevatn (V) er leiar i Løvebakken Mållag.
Leiarar
2021– Sveinung Rotevatn (V) 2015–2021 Magne Rommetveit (Ap) 2009–2015 Ingrid Heggø (Ap) 1987–1997 Hallgrim Berg (H) 1986–1987 Sigurd Verdal (Ap) 1978-1985 Osmund Faremo (Ap) 1974-1977 Bergfrid Fjose (KrF)
Kjelder
Kategori:Noregs Mållag Kategori:Nynorskorganisasjonar