Newbiggin er ein landsby og eit civil parish (tilsvarande kommune) i County Durham i England. Folketalet ved folketeljinga i 2011 var 146. Landsbyen ligg på nordsida av Teesdale, med Holwick på andre sida. Ei tilflytting av blygruvearbeidarar frå Derbyshire til området på slutten av 1700-talet kan ha ført namnet hit frå Biggin. Byen ligg i North Pennines Area of Outstanding Natural Beauty (AONB).

Landsbyen ligg ved elva Tees over High Force, eit av dei mest imponerande fossefalla i England. Den vesle bygda Bowlees ligg i nærleiken.

Det blei bygd eit metodistkapell i Newbiggin i 1760 på land kjøpt av tre av dei omreisande predikantane til John Wesley og fire lokale gruvearbeidarar. I mange år blei det sagt at det var eit av dei eldste metodistkapella i kontinuerleg bruk. Det er no ein verna bygning som er gjort om til feriebustad under namnet Newbiggin Chapel.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Newbiggin, Teesdale» frå , den 28. november 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Landsbyar i County Durham