Melodi Grand Prix 2024 var den 62. utgåva av Melodi Grand Prix, den norske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest. Vinnaren av Melodi Grand Prix fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Melodi Grand Prix 2024 blei arrangert av NRK og bestod av tre delfinalar i Oslo i januar 2024 og ein finale i Trondheim laurdag 3. februar 2024. Til saman deltok 18 songar, fordelte på seks songar i kvar delfinale. Frå kvar delfinale røysta sjåarane fram tre bidrag til finalen. I finalen deltok dimed ni bidrag.
Delfinalane blei arrangerte i Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst i Oslo, laurdag 13., 20. og 27. januar, mens finalen blei send direkte frå Trondheim Spektrum. Programleiarar for sendingane var artist Marion Ravn og programleiar og journalist Fredrik Solvang.
Bakgrunn Fire veker etter Eurovision Song Contest 2023 opna NRK for innsending av bidrag til Melodi Grand Prix 2024. Innsendinga opna 9. juni, med frist for å sende inn bidrag 31. august 2023. Nytt av året er at låtane kan bli gjevne ut allereie frå 1. september 2023. Tidlegare har kravet vore at innsende bidrag ikkje kunne bli gjevne ut før NRK bestemte det. Målet med regelendringa var å skape eit «større mulighetsvindu for flere gode låter og artister til MGP», ifølgje NRK. Datoregelen er også i tråd med regelverket til EBU for Eurovision Song Contest.
Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men kvar låtskrivar, produsent eller artist kunne maksimalt sende inn tre låtar. Dei innsende bidraga burde også ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv». I tillegg til den opne tevlinga såg tevlingsredaksjonen også etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen. NRK hadde også direkteinvitert komponistar og artistar til å delta. Det blei også haldne eigne låtskrivarsamlingar der målet var å produsere låtar til Melodi Grand Prix.
Juryen til NRK valde ut deltakarlåtane hausten 2023. Til saman deltok 18 låtar i Melodi Grand Prix 2024, fordelte på seks låtar i kvar delfinale. Deltakande artistar og låtar blei offentleggjorde 5. januar 2024, men låtane kunne bli gjevne ut frå 1. september 2023.
Dansar og koreograf Mona Berntsen vart tilsett som sceneregissør for Melodi Grand Prix. Ho tok over etter Mattias Carlsson, som har hatt denne jobben sidan 2008.
Format Melodi Grand Prix 2024 blei arrangert av NRK i januar og februar 2024 og blei overført på NRK1 og NRK TV. I likskap med fjoråret bestod Melodi Grand Prix 2024 av tre delfinalar i forkant av den store finalen. Delfinalane blei arrangerte høvesvis laurdag 13., 20. og 27. januar 2024. I kvar delfinale deltok seks låtar, og sjåarane røysta fram tre av dei til finalen laurdag 3. februar 2024. Til saman blei det ni bidrag i finalen.
Sendingane Delfinalane blei sende høvesvis laurdag 13., 20. og 27. januar 2023 direkte frå Studio 1 og Studio 2 på NRK Marienlyst i Oslo. Tidlegare hadde delfinalane blitt arrangerte utanfor hovudkvarteret til NRK, og NRK grunna flyttinga med at dei ønskte å ta «konkurransen tilbake til røttene». Blant anna viste NRK til at den fyrste finalen i 1960 fann stad i lokale deira på Marienlyst i Oslo. «Historiene og musikken sitter i veggene i Studio 1 og Studio 2», uttalte musikkansvarleg Stig Karlsen i november 2023. Men finalen i 1960 fann stad i Store Studio, og Studio 1 og 2 eksisterte ikkje før i 1969, då Fjernsynshuset stod ferdig. SendingDatoArenaTal på bidragDelfinale 113. januar 2024Studio 1 og 2, NRK Marienlyst6Delfinale 220. januar 20246Delfinale 327. januar 20246Finale3. februar 2024Trondheim Spektrum9
Programleiarar Dei fire sendingane blei leia av artisten Marion Ravn og journalisten Fredrik Solvang. Begge debuterte som programleiarar for Melodi Grand Prix.
Deltakarar Oversikt over deltakarane i Melodi Grand Prix 2024, lista i alfabetisk rekkjefølgje etter fornamn eller artistnamn: ArtistTittelLåtskrivararAnnprincess«Save Me»Annprincess JohnsonDag Erik Oksvold og Anne Fagermo«Judge Tenderly of Me»Dag Erik Oksvold, Alexander Pettersen og Anne FagermoEli Kristin«Touch of Venus»Ronny Graff Janssen og Eli Kristin HanssveenFarida«Heartache»Farida Louise Bolseth Benounis, Kristian Wiik, Ilja Eriksson og Olav Tokerud Fredrik Halland«Stranded»Fredrik Halland, Jenson Vaughan og Ruthy RabaGothminister «We Come Alive»Bjørn Alexander BremGåte«Ulveham»Sveinung Eklo Sundli, Ronny Graff Janssen, Marit Jensen Lillebuen, Gunnhild Sundli, Magnus Børmark og Jon Even SchärerIngrid Jasmin«Eya»Ingrid Jasmin Vogt og Jonas KroonKEiiNO«Damdiggida»Alexandra Rotan, Fred Buljo, Tom Hugo Hermansen, Alexander N. Olsson og Jakob RedtzerMargaret Berger«Oblivion»Margaret Berger, Anders Kjær, Monica Engeseth og Sivert Hjeltnes Hagtvedt Mathilde SPZ med Chris Archer og Slam Dunk«Woman Show»Audun Agnar Guldbrandsen, Silje Montsko Blandkjenn, Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen, Linda Dale, Christopher Colin Archer og Mathilde EspesethMiia«Green Lights»Benjamin Dan Ravn Fahre, Mia Virik Kristensen, Mugoshi David Nhonzi, Emelie Hollow og Ida BottenMileo«You're Mine»Miles Curtis SesselmannMistra«Waltz of Death»Benedicte Adrian og Anders OddenMyra«Heart on Fire»David Atarodiyan, Svein Hermansen og Regina TuckerSuper Rob og Erika Norwich«My AI»Lars Horn Lavik, Super Rob, Erika Norwich og Kristian LiljanThomas Jenssen«Take Me to Heaven»Thomas Jenssen, Ricky Hanley, David Fremberg og Jonas Holteberg JensenVidar Villa«Mer»Vidar Mohaugen, Jonas Thomassen, Martin Thomassen og Mathias Nilsen
Sendingane Delfinale 1 Delfinalen blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 13. januar 2024 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen. Startnr.ArtistTittelResultat1Mathilde SPZ med Chris Archer og Slam Dunk«Woman Show»Eliminert2Fredrik Halland«Stranded»Eliminert3Myra«Heart on Fire»Eliminert4Gothminister«We Come Alive»Til finalen5Ingrid Jasmin«Eya»Til finalen6Margaret Berger«Oblivion»Til finalen
Delfinale 2 Delfinalen blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 20. januar 2024 klokken 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen. Startnr.ArtistTittelResultat1Farida«Heartache»Ute2Mileo«You're Mine»Ute3Eli Kristin«Touch of Venus»Ute4Super Rob og Erika Norwich«My AI»Til finale5Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo«Judge Tenderly of Me»Til finale6Gåte«Ulveham»Til finale
Delfinale 3 Delfinalen ble arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 27. januar 2024 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen. Startnr.ArtistTittelResultat1Vidar Villa«Mer»Ute2Mistra«Waltz of Death»Ute3Thomas Jenssen«Take Me to Heaven»Ute4Annprincess«Save Me»Til finale5Miia«Green Lights»Til finale6KEiiNO«Damdiggida»Til finale
Finalen Delfinalen blei arrangert i Trondheim Spektrum i Trondheim laurdag 3. februar 2024. Startnr.Artist SongPoengPlass Jury Folket Totalt1KEiiNO«Damdiggida»9814624422Annprincess«Save Me»16173393Gothminister«We Come Alive»358011544Ingrid Jasmin«Eya»22204285Miia«Green Lights»54227666Margaret Berger«Oblivion»26194577Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo«Judge Tenderly of Me»584710558Gåte«Ulveham»7617425019Super Rob og Erika Norwich«My AI»451201653
Poenggjeving i finalen Resultatet i finalen blei avgjort av røystene frå sjåarane og lyttarane, saman med røystene frå eit utval internasjonale fagjurygrupper. Røystene frå folket talde 60 prosent, mens poenga frå dei internasjonale jurygruppene talde 40 prosent. Avrøystinga blei lesne opp på same måte som i Eurovision Song Contest. Fyrst las jurygryppene opp poenga sine, jury for jury. Til slutt blei poenga frå folkeavrøystinga avslørte i stigande rekkefølgje ut frå juryavrøystinga. Lista over personane som sat i fagjury-gruppene blir offentleggjord etter finalen.
Startnr.SongInternasjonale fagjurygrupperFolke-poengSumPlass1«Damdiggida»681212121012126814624422«Save Me»2212261173393«We Come Alive»66614128011544«Eya»66262204285«Green Lights»8124410484227666«Oblivion»111218822194577«Judge Tenderly of Me» 1228412181014710558«Ulveham»41010101010121017425019«My AI»104848411201653Talspersonar for jurygruppene Storbritannia – Finland – Sveits – Estland – Aserbajdsjan – Danmark – Nederland – Island – Tsjekkia – Sverige –
Hendingar Protestar mot israelsk deltaking i Eurovision Song Contest Bakgrunn miniatyr|Artistane på scena under den fyrste delfinalen. I Europa og Noreg hadde det vore protestar mot at Israel deltar i Eurovision Song Contest 2024. Bakgrunnen er den pågåande Israel–Hamas-krigen som starta etter Hamas' åtak på Israel 7. oktober 2023. I denne krigen har det israelske forsvaret gjennomført omfattande militære åtak mot Hamas fleire stader på Gazastripa. Bruken av missil og bakkestyrkar har råka sivilfolket og infrastruktur på Gazastripa hardt, noko som har ført til internasjonal kritikk av israelske myndigheiter. Fleire aktørar og foreiningar har kravd at EBU må utestengje Israel frå Eurovision Song Contest, slik unionen gjorde mot Russland i 2022, då Russland gjekk til åtak på Ukraina. I desember 2023 vedtok EBU at Israel skulle få delta. Unionen la vekt på at tevlinga er ei «ikkje-politisk hending», og at dei ikkje driv med samanlikningar mellom krigar og konfliktar. EBU understreka også at Russland blei utestengt på grunn av «gjentekne brot på medlemsplikter og brot på haldningar til medium». EBU viste også til at andre internasjonale organisasjonar hadde same haldning overfor israelsk deltaking i internasjonale idretts- og kulturarrangement.
Demonstrasjonar og scenestorming Norske Melodi Grand Prix blei også berørt av protestane. Under NRKs artistpresentasjon for Melodi Grand Prix 5. januar 2024 samla fleire demonstrantar seg utanfor NRK Marienlyst og protesterte mot israelsk Eurovision-deltaking. Under direktesendinga av fyrste delfinale laurdag 13. januar klarte ein demonstrant frå partiet Raudt å ta seg opp på scena og proklamerte: «Beklager avbrytelsen, men det pågår en krig. Vi kan gjøre mer. Norge kan gjøre mer.» Før sendinga la også ei rekkje demonstranaer seg ned på bakken utanfor studio for å protestere mot deltakinga til Israel. Liknande protestar skjedde også under dei to påfølgjande delfinalane og finalen.
NRK avviste at dei ville ta til orde for ei utestenging og viste til at ingen internasjonale kultur- eller idrettsarrangement har boikotta Israel. «NRK kan ikke drive sin egen utenrikspolitikk, og vi kan da heller ikke på egen kjøl oppfordre til kulturboikott av et land», sa underhaldingsredaktør i NRK Charlo Halvorsen under artistpresentasjonen i januar.
Gåte og Eurovision-deltaking Etter at Gåte vann tevlinga, byrja spekulasjonane om at bandet ville seie frå seg retten til å representere Noreg i Eurovision Song Contest i Malmö. Før den norske finalen uttala bandet at dei opplevde «det som veldig problematisk hvis Israel skal være med slik situasjonen er nå». Vokallist Gunnhild Sundli uttala at bandet ville ta stilling til Eurovision, men at det «vil kreve tid og diskusjoner for å finne ut hva som er best». Ni dagar etter finalen, 12. februar, melde bandet at dei kom til å delta i Eurovision Song Contest.
Sjåarklager til NRK Kringkastingsrådet og NRK mottok også 700 klager på at Israel skulle delta i Eurovision Song Contest, og saka skulle bli handsame i rådet i løpet av vinteren eller våren. Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen signaliserte at NRK kunne komme til å vurdere «alternative løsninger» for deltaking, utan å spesifisere dette ytterlegare.
Gåte måtte endre teksta