mini|Ei eske Kong Haakon-konfekt. Konfekt (av latin conficere, ‘laga til’) er små, søte godbitar med ulike innhald, ofte fint pynta og presentert. Ein vanleg type konfekt er fylt sjokolade, som ein kan kjøpa mange stader og som gjerne blir presentert i ei eske med rom for kvar bit. Marsipan, nøtter og kandisert frukt er også typiske ingrediensar. Bakverk som kan nyttast som konfekt blir gjerne kalla konfektkake.

I Noreg er dei klassiske konfekteskene frå Freia kalla opp etter norske kongar, medan Sfinx er eit produkt frå Nidar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Konfekt» frå , den 3. desember 2023.

Kategori:Sjokolade Kategori:Ord frå latin