«Power» (norsk omsetjing ‘kraft’); islandsk tittel «Lifandi inni í mér», er ein popsong frå 2023 av den islandske songaren Diljá. Songen blei gjeven ut 4. mars 2023 og vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2023. Gjennom sigeren blei «Power» det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen «Power» er skriven av Diljá Pétursdóttir og Pálmi Ragnar Ásgeirsson. Fyrstnemnde framfører songen også, under artistnamnet Diljá. Ásgeirsson er også ein av låtskrivarane bak «Unbroken», det islandske Eurovision-bidraget i 2015.
Hausten 2022 sende dei songen inn til den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2023 i regi av den islandske allmennkringkasteren RÚV. Vinnaren fekk representere Island i Eurovision Song Contest 2023.
«Power» blei plukka ut til å delta i tevlinga, og i tråd med tevlingsreglane måtte låten framførast på islandsk i semifinalen og sidan på valfritt språk i ein eventuell finale. Den islandske versjonen heiter «Lifandi inni í mér» (‘levande inni meg’) og blei offentleggjord 28. januar saman med dei andre bidraga. Låten kvalifiserte seg frå semifinalen og blei framført på engelsk i finalen laurdag 4. mars 2023. I finalen vann «Power» telefonavrøystinga og blei dimed det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Eurovision Song Contest Island deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Power» på ellevteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai. Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Island ikkje nådde ein Eurovision-finale.
Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (Tónlistinn)1 (AGATA) 78
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Power (sang)» frå , den 2. desember 2023.
Kategori:Islandske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar