«Soarele și luna» (norsk omsetjing ‘sola og månen’) er ein folk-inspirert dansepoplåt frå 2023 med den moldovske songaren Pasha Parfeni. Songen er skriven av Parfeni sjølv, saman med Andrei Vulpe og Iuliana Parfeni. Songen blei gjeven ut 19. januar 2023 og var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen «Soarele și luna» er skriven av Pasha Parfeni, Andrei Vulpe og Iuliana Parfeni. Parfeni står bak fleire tidlegare moldovske Eurovision-låtar, og han blei nummer 11 i 2012 i Baku med låten «».
«Soarele și luna» er rumensk for ‘sola og månen’. Parfeni elskar kona si djupt, og songteksta fortel om det djupe forholdet mellom dei, og at universet – sola og månen – har velsigna ekteskapet deira. Vidare fortel teksta om ein kjærleik like magisk som folkesogene han viser til. Songen brukar metaforar, folkelege symbol og naturelement.
Eurovision Song Contest «Soarele și luna» var eit av 31 bidrag i Etapa națională 2023, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023. Arrangøren, den moldovske ålmennkringkastaren TRM, heldt fyrst ein auditionrunde. I denne runden enda «Soarele și luna» på andreplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 4. mars 2023.
Før finalen var «Soarele și luna» favoritt til å vinne den moldovske uttakinga, ifølgje ei avrøysting på Eurovision-fansida Wiwibloggs. I finalen fekk låten toppoeng fra både juryane og sjåarane og vann finalen med 24 poeng. Som følgje av sigeren blei «Soarele și luna» det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.
Moldova deltok i den fyrste semifinalen, som blei arrangert i Liverpool Arena i England tysdag 9. mai. Der blei låten nummer fem og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen fekk songen 96 poeng og blei nummer 18 av 26 bidrag.
Listeplasseringar + Liste (2023) Høgasteplassering (AGATA) 16 Heatseeker (Sverigetopplistan) 15 Downloads (GfK Entertainment) 92
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Soarele și luna» frå , den 6. desember 2023.
Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Rumenskspråklege Eurovision Song Contest-songar