The Busker er eit maltesisk indiepopband som blei skipa i 2012. Bandet består av David «Dav.Jr» Grech, Jean Paul Borg og Sean Meachen. I februar 2023 vann gruppa den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023 med låten «Dance (Our Own Party)». Som vinnarar representerte dei Malta i Eurovision Song Contest 2023.
Bakgrunn The Busker blei skipa i oktober 2012 som ein duo beståande av vokalist og gitarist Dario Genovese og perkusjonist Jean Paul Borg. To år etter kom bassist og keyboardist David Grech og saksofonist Sean Meachen med i bandet. Dei er inspirert av band frå 1960-åra, som The Beatles og The Beach Boys. Gruppa byrja å få merksemd på Malta, då dei posta coverversjonar og originalmusikk på YouTube. Debutalbumet Telegram blei sloppe i 2017, etterfølgt av Ladies and Gentlemen året etter. Genovese forlot gruppa i 2021, og sidan har The Busker bestått som ein trio.
I november 2022 blei The Busker stadfesta som ein av 40 deltakarar i Malta Eurovision Song Contest 2023, den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Bandet deltok med songen «Dance (Our Own Party)» og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. februar 2023. I finalen fekk dei flest poeng frå juryane og sjåarane, og fekk dimed retten til å representere Malta i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Bandet deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9 mai 2023. Der enda dei enda på sisteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Medlemmar Noverande David «Dav.Jr» Grech – vokal, bass, keyboard Jean Paul Borg – trommar Sean Meachen – saksofon
Tidlegare Dario Genovese – vokal, gitar
Diskografi Studioalbum 2017 – Telegram 2018 – Ladies and Gentlemen
EP-ar 2021 – X
Referansar
Denne artikkelen bygger på «The Busker» frå , den 6. desember 2023.
Kategori:Maltesiskse musikkgrupper Kategori:Maltesiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar