Vesna er eit tsjekkisk folkband, etablert i Praha i 2016. Bandet har seks medlemmar og representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med songen «My Sister's Crown».

Bakgrunn Byrjinga (2016) I 2016 drøymte frontfiguren til bandet, Patricie Kaňok Fuxová, å etablere eit band med berre kvinnelege medlemmar. Som student ved Jaroslav Ježek-konservatoriet i Praha møtte Fuxová fiolinisten Bára Juránková og fløytespelarane Andrea Šulcová og Tanita Yanková.

Bandet skulle hylle og feire femininitet og slavisk systerskap. Bandet blandar tsjekkisk folkemusikk med moderne sjangrar som pop, men ifølgje Fuxová ser ikkje Vesna seg som eit folkband: «Eg ser ikkje på det vi gjer med Vesna som folklore, det er ikkje folkesongar. Slik eg ser det, tek songane våre opp desse stereotypiane.»

Pátá bohyně (2018) I 2018 forlot Šulcová og Yankovová bandet og blei erstatta med pianisten Olesia Otsjepovskaja og trommespelar Markéta Mužátková. Same år gav bandet ut sitt fyrste studioalbum, Pátá bohyně (Den femte gudinna). I eit intervju med det tsjekkiske musikkmagasinet Týden, fortalde Fuxová at albumet var inspirert av sjølvopplevde hendingar og tsjekkiske historier og eventyr.

Albumet vann prisen for «årets oppdaging» under den tsjekkiske musikkprisutdelinga Ceny Anděl 2018.

Anima (2020) Under koronapandemien starta bandet arbeidet og innspelinga av oppfølgjaralbumet Anima. Albumet handla om tema som forholdet mellom menn og kvinner, og om kvinnekroppen.

Eurovision Song Contest (2023)

I januar 2023 blei Vesna kunngjort som ein av seks deltakarar i ESCZ 2023, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023. Resultatet blei avslørt 7. februar 2023, og bandet vann klårt med røyster – 6367 røyster meir enn andreplassen. Med sigeren fekk bandet representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest, der dei enda på tiandeplass – den nest beste plasseringa til Tsjekkia siden debuten i 2007.

Besetning Noverande medlemmar Patricie Kaňok Fuxová (2016–) – vokal Bára Juránková (2016–) – vokal, fiolin Olesia Otsjepovskaja (2018–) – piano Markéta Mužátková (2018–) – trommer, vokal, gitar Tereza Čepková (2019–) – bassgitar

Tidlegare medlemmar Andrea Šulcová (2016–18) – fløyte Tanita Yankova (2016–18; 2023) – vokal, fløyte, piano

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Vesna (band)» frå , den 10. desember 2023.

Kategori:Tsjekkiske musikkgrupper Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar