AKSESS (ISSN 2704-0240) er eit uavhengig tidsskrift for arkiv og dokumentasjonsforvaltning i Noreg. AKSESS vart etablert i 2022 som ei vidareføring av fagtidsskriftet Arkheion. Målet med etableringa av AKSESS var å skapa eit tidsskrift for heile arkivsektoren for å klargjera, binda saman og utvikla feltet, og dessutan å gjera arkiv meir synlege i den norske offentlegheita gjennom eit breitt spekter av tema.
Redaktør for AKSESS er Heidi Meen. Bladet vart gitt ut av ABM Media fram til 2025. Frå 2026 er det Arkivforbundet som er utgivar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «AKSESS» frå , den 18. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad AKSESS på Facebook AKSESS på Instagram Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Skipingar i 2022