Spiranthes cernua er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.

Systematikk I Nederland reknar ein med to underartar: S. cernua ssp. cernua (L.) Rich. (nederlandsk namn knikkende schroeforchis) S. cernua var. odorata (Nutt.) Kreutz & M.H.Schot (nederlandsk namn welriekende schroeforchis)

I mange klassifiseringar er dei to rekna som eigne artar, S. cernua og S. odorata.

Utbreiing Båe underartane er kjende frå den sentrale og austlege delen av USA, ssp. cernua òg frå søraustlege Canada.

Båe underartane har vore funne forvilla fleire stader i Nederland, men det ser så langt ut til at det er hybridane mellom dei som dannar stabile bestandar. I 2014 vart underarten ssp. odorata òg funne aust i Flandern, og i 2020 og 2022 vart underarten ssp. cernua registrert to ulike stader.

Hybridar Hybridane mellom kultivaren S. cernua ssp. cernua 'Chadds Ford' og S. cernua ssp. odorata (nederlansk namn bastardschroeforchis) har etablert seg fleire stader i Nederland. Dei to hybridane som blir danna når den eine eller den andre forelderen er hann, er tydelege å skilje frå kvarandre i utsjånad.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Skrueaksslekta