Ferroptose er er ein type selledaude valda av for høg konsentrasjon av jarn som deltek i peroksidering av umetta feittsyrer frå fosfolipid. Ferroptose er involvert i fleire sjukdomar hjå menneske. Jarn kan laga frie radikal ved fentonreaksjonar eller Haber-Weissreaksjonar. Ferroptose skil seg frå apoptose, nekrose og autofagi. Ved ferroptose kjem selledauden av peroksidering og lipidreaktive oksygensambindingar inne i sellene. Omgrepet «ferroptose» vart laga i 2012.
Ferroptose gjev opphoping av reaktive lipidperoksid og skrumping av mitokondriemembranen, noko som endar i minska mitokondrievolum og nedbryting av den indre mitokondremembranen.
Ferroptose kan byrjast ved hemjing av cystin-glutamat-transportsystemet i sellemembranen. Andre mekanismar som byrjar ferroptose er hemjing av enzymet glutationperoksidase 4 (GPX4). Ved mangel på aminosyra cystein, ein byggjestein i tripeptidet glutation, for eksempel ved hemjing av cystin-glutamat-antiportar, vert verksemda til glutationperoksidase minska, og det same vert mengda av glutation.
Ferroptose kan òg byrjast av erastin. Erastin kan gje meir ferroptose ved å aktivera spenningsregulerte anionkanalar eller via proteinet p53 som vert laga frå tumorsupressorgenet p53.
Kjelder
Kategori:Programmert celledød