Okoumé (Aucoumea klaineana), òg kalla gabon, er eit vestafrikansk høgt skogstre i familien Burseraceae. Arten er den einaste i slekta Aucoumea. Okoumétre blir typisk 30–40 meter høge, sjeldan høgare, og stammen får ein diameter på 1,0–2,5 meter.

venstre|mini|Det gabonske riksvåpenet mini|Okoumé-tre

Treet har ein mjuk, lys ved. Kjerneveden er brunraud til bleikrosa på farge. Han kan minna om mahogni. Okoumétre er blitt eksportert til Europa for å brukast til sigarkassar, finér og anna. Treet er òg blitt nytta til å utvinna ein slags harpiks.

Okoumétreet er det viktigaste tømmertreet i Gabon. Det er avbilda på det gabonske riksvåpenet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Okumeträd» frå , den 7. februar 2024. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Burseraceae Kategori:Tre i Afrika Kategori:Plantar i Gabon Kategori:Plantar i Republikken Kongo Kategori:Plantar i Ekvatorial-Guinea