Keisarkrone (Fritillaria imperialis) er ei plante i ruteliljeslekta i liljefamilien. Arten kjem frå vestlege Asia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Han er så langt ikkje registrert i norsk natur, men blir vurdert til å vere ein dørstokkart som vil kunne etablere seg her. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ruteliljeslekta