mini|Corroboree av Tommy Mcrae mini|WR Thomas, A South Australian Corroboree, 1864, Art Gallery of South Australia Corroboree er eit generisk ord for eit samkome av australske aboriginar. Det kan vera ein heilag seremoni, eit festleg høve eller ha krigersk karakter. Ordet blei danna av dei fyrste britiske busetjarane i Sydney-området av eit ord i det lokale språket dharug. Ein corroboree omfattar vanlegvis dans, musikk, oppkleding og gjerne kroppsdekorasjon.
Ordsoge Ordet «corroboree» blei teke i bruk av britiske busetjarar kort tid etter koloniseringa etter det australske ordet garaabara, som tyder ‘dans’. Det gjekk dermed inn i det australske engelsk som eit lånord. venstre|mini|Corroboree, ei ballettførestilling basert på corroboree. I heile Australia kan ordet «corroboree» omfatta songar, dansar, samlingar og møte av ulike slag. Corroboreear har også omfatta sportstilstellingar og andre former for framsyning av dugleik.Sweeney, D. 2008. "Masked Corroborees of the Northwest" DVD 47 min. Australia: ANU, Ph.D.
Ei anna skildring er «ei samling av aboriginske australiarar som samverkar med Drøyminga gjennom song og dans».
Sjå også
Corroboree 2000, ei forsoningstilstelling i Sydney «Corroboree», eit dikt av Max Fatchen Luau Pow wow Wangga, tradisjonell musikk og seremoni i nordvestleg Australia
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Corroboree» frå , den 20. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Australsk dans Kategori:Ord og uttrykk frå australske språk Kategori:Aboriginarkultur