Trådtjønnaks (Stuckenia filiformis) er ei plante i trådtjønnaksslekta i tjønnaksfamilien. Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiing.
I Noreg er arten heimleg i grunt ferskvatn eller brakkvatn. Arten er nokså vanleg i mange delar av landet. I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).
Trådtjønnaks finst i fleire former, og det kan vere at plantene i Noreg kan skiljast i to ulike underartar, men dette er ikkje utgreidd: sørleg trådtjønnaks (S. filiformis ssp. filiformis) omfattar i så fall låglandsplantene nordleg trådtjønnaks (S. filiformis ssp. alpina) omfattar planer i dal- og fjellstrøk og i nord
Hybriden med busttjønnaks (S. filiformis × S. pectinata eller S. ×suecica) er funnen spreidde stader nær kysten frå Agder til Troms, men finst truleg fleire stader der foreldreartane finst. Ein hybrid med sliretjønnaks (S. filiformis × S. vaginata eller S. ×fennica) er funnen i Brønnøy i Nordland.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Trådtjønnaksslekta