Rockford er ein by langt nord i delstaten Illinois i USA. Byen er fylkessete i Winnebago County og har i kring 149 000 ibuarar. Rockford breier seg på begge sider av elva Rock River.

Rockford, som vart busett frå 1834, vart strategisk plassert mellom Chicago og Galena for å kunne utvikle industri. Byen var fyrst kjend for framstilling av tungt maskineri, ut på 1900-talet var Rockford den nest største møbel-produsenten. Til liks med andre industribyar i Illinois gjekk folketalet ned frå siste tiåra av det 20. hundreåret.

Museums i byen er mellom anna Burpee Museum of Natural History, Rockford Art Museum, det svensk-amerikanske Erlander Home, Tinker Swiss Cottage Museum og lokalhistoriemuseet Midway Village and Museum Center. Byen har grøntområde som Sinnissippi Park, Anderson Japanese Gardens og Klehm Arboretum and Botanic Garden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rockford, Illinois» frå , den 24. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Illinois