Nils Göran van der Poel () er ein svensk tidlegare skeiserennar frå Trollhättan som i 2022 vart olympisk meister på både 5 000 meter og 10 000 meter. Eitt år tidlegare vann han VM-gull på dei same to distansane. Han la opp etter å ha vorte verdsmeister i firkamp i mars 2022.
Karriere Poel fekk sitt gjennombrot då han vann milløpet ved Skeise-VM 2018 framom verdsmeisteren Patrick Roest og sjølv enda på sjetteplassen. Tre år seinare vart han fjerdemann i europameisterskapen, etter å ha vunne milløpet på sterke 12.42,8. Under verdsmeisterskapen 2021 i Heerenveen sigra han på 5 000 m. Tre dagar etter, den 14. februar, sette han verdsrekord med 12.32,9 då han sikra seg gullmedaljen på suverent vis på 10 000-meteren. 3. desember 2021 tok han over som verdsrekordhaldar også på 5 000 m, med di han vart klokka inn på 6.01,5 ved eit verdscupstemne i Salt Lake City. Under Vinter-OL 2022 kneip Poel gullmedaljen på 5 000 m, før han den 11. februar forbetra sin eigen verdsrekord på 10 000 meter til 12.30,7 og tok OL-gull nummer to. Helga 5.–6. mars 2022 avslutta Poel med å gå til topps i verdsmeisterskapen på Hamar. Han slo andremann Patrick Roest med over 1 tidspoeng og la opp.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nils van der Poel» frå , den 29. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i skeisesport Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten