Holly Mae Muller () er ein engelsk songar og låtskrivar. Ho blei kjend for eit større publikum i 2021, då ho gav ut singelen «Better Days» med det svenske musikkollektivet Neiked og den amerikanske rapparen Polo G. Låten gjekk inn på topp 40 i både Storbritannia og USA.
Muller representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2023 på heimebane i Liverpool med songen «I Wrote a Song».
Bakgrunn Muller blei fødd i London i 1997 og vaks opp med å lytte til mora sine favorittartistar som The Chicks, Gwen Stefani og Simon & Garfunkel. Det store vendepunktet kom då ho fekk høyre debutalbumet til Lily Allen, Alright, Still.
Muller byrja å skrive eigen musikk allereie som åtteåring. Foreldra søkte ho til kostskulen Kimbolton i Cambridgeshire, men Muller enda opp med å gå på Fine Arts College i Belsize Park i Nord-London.
I 2007, berre ni år gammal, spelte ho i musikkvideoen til «Grace Kelly» med artisten Mika.
Karriere
Som tenåring jobba Muller på pub og fekk ein kompis til å produsere eit par demoar i bytte mot ei flaske vin. Ho lasta demoane opp på SoundCloud i 2017, og ho blei oppdaga av sin kommande manager etter å ha lasta opp ein video der ho song på Instagram.
Muller gav ut EP-en After Hours i februar 2018, og oppfølgjar-EP-en Frankly i september same år.
Muller slapp debutalbumet Chaper 1 i april 2019, og var oppvarmingsartist for Little Mix på turneen LM5: The Tour same år i lag med bandet New Rules. Etter turneen slapp ho singelen «Therapist», og la deretter ut på den første riksdekkjande turnéen sin til fem byar i Storbritannia.
I november 2020 kom den tredje EP-en hennar, No One Else, Not Even You, etterfølgd av en turné i Storbritannia og Europa.
I 2021 teama Muller seg opp med det svenske artist-kollektivet Neiked og den USA-amerikanske rapparen Polo G på singelen «Better Days». Songen nådde 23. plassen på den amerikanske Billboard-lista Hot 100. I Storbritannia nådde låten 32. plassen på den britiske singellista.
Muller slapp singelen «I Just Came to Dance» i oktober 2027, som passerte 2,5 millionar strøymingar på Spotify eit halvt år seinare.
Den 3. mars 2023 gav Muller ut singelen «Feels This Good» i samarbeid med Sigala, Caity Baser og Stefflon Don. Seks dagar seinare kunngjorde BBC at ho skulle representere Storbritannia på heimebane i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Ho deltok med låten «I Wrote a Song» som ho skreiv saman med Karen Poole og Lewis Thompson. Låten enda nest sist i finalefeltet på 26 land.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mae Muller» frå , den 1. mars 2024.
Kategori:Britiske songarar Kategori:Britiske låtskrivarar Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar