The Fratellis er eit indierockband frå Glasgow i Skottland. Det blei skipa i 2005 og gav ut debutalbumet Costello Music året etter. Gruppa har nådd den britiske topp ti-lista med singlane «Chelsea Dagger» og «Whistle for the Choir».

Medlemmane i gruppa er ikkje i slekt, men spelar i bandet under artistnamn der slektsnamnet er «Fratelli». Namnet kjem frå filmen The Goonies frå 1985. Gruppa blei fyrst spelt på radio i 2005, på den skotske stasjonen Beat 106 (seinare XFM Scotland, no Capital Scotland) i programmet Beatscene presentert av Jim Gellatly. Ho fekk kontrakt med Fallout Records etter under 10 show.

Debutalbumet Costello Music kom ut i september 2006, og nådde andreplassen på den britiske albumlista. Etter suksessen vann gruppa Brit Award for British Breakthrough Act i 2007, etter avstemming på BBC Radio One.

Bandmedlemmar

Jon Fratelli (fødd John Paul Lawler 4. mars 1979 i Glasgow) – song, gitar Barry Fratelli (fødd Barry Wallace 23. april 1979) – bassgitar Mince Fratelli (fødd Gordon McRory 6. mai 1983) – trommer

Turnémedlemmer

Will Foster – keyboard, piano

Diskografi

Studioalbum

Costello Music (11. september 2006) Here We Stand (9. juni 2008) We Need Medicine (2013) Eyes Wide, Tongue Tied (2015) In Your Own Sweet Time (2018) Half Drunk Under a Full Moon (2021)

Livealbum

Live At Glasgow Barrowlands (2006)

EP-ar

The Fratellis EP (3. april 2006) Flathead EP (23. januar 2007) Ole Black 'n' Blue Eyes EP (11. juni 2007) The Soul Crush EP (8. september 2014)

Singlar

"Henrietta" / "Cigarello" (2006) "Chelsea Dagger"/ "Dirty Barry Stole The Bluebird" (2006) "Whistle For the Choir" / "Nina" (2006) "Baby Fratelli" / "Ooh La Hot Love Live From Glasgow Barrowlands" (2007) "Mistress Mabel" / "Boy Done Good" (2008) "A Heady Tale" / "Lazybones" (2008) "Look Out Sunshine!" / "The Good Life" (2008)

DVD

Edgy In Brixton - Live (2007)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Fratellis» frå , den 4. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

The Fratellis på allmusic.com Diskografi på Discogs

Kategori:Britiske musikkgrupper Kategori:Musikk i Glasgow Kategori:Musikkgrupper skipa i 2005